Ulvik Frukt & Cideri

Produsent:

Ulvik Frukt & Cideri

Land:

Norge

Region:

Hardanger

Eier:

Asbjørn Børsheim

Grunnlagt:

2009

Vinmarker:

Ulvik

Vinmaker:

Asbjørn Børsheim

Adresse:

Hakastad, 5730 Ulvik

Telefon:

+47 91 10 22 15

Epost:

asbjorn.borsheim@ulvik.org

Webside:

www.hakastadsider.no

"Ulvik Frukt & Cideri fekk i juli 2009 statleg tilverknadsløyve for produksjon av alkoholhaldig drikk (vinstyrke). Med det løyve kan me selja sider til hotell, restaurantar og serveringsstader med skjenkeløyve. Frå juli 2011 er vi på tilleggsutvalet på Vinmonopolet.
Med over 30 års erfaring som hobbysiderprodusent var det spennande å gå på ein større produksjon - men at sjølve handverket ligg i botnen av alt me gjer -
Hakastadsider baserar seg på eple dyrka frå garden og er laga etter retningslinjene om"Sider frå Hardanger" slik at den kan bruka godkjenningsmerke (geografisk opphavsmerking) frå Matmerk. Sjå http://www.beskyttedebetegnelser.no/godkjente-produkter/bb/14/
Me ynskjer å laga ein sider rundt 6 - 7% slik at den får fram mykje av eplesmaken - sideren er laga heilt naturell utan tilsetjing av vingjær - berre litt sukker.
For tida lagar vi to typar sider - ein rein Gravensteinsider basert på Gul Gravenstein og ein sider kalla Tradisjon som er garden si blanding .
Sider er eit godt alternativ i staden for kvitvin til mat (fisk,kreps,blåskjel, asiatisk mat).
Lokalt er sider, flatbrød og spekemat ein slager - alt produsert i Hardanger."

Asbjørn Børsheim